Samum (arabisk سموم samūm; frå rota سم s-m-m, «å forgifte») er ein kraftig, tørr og støvete lokal vind som bles i Sahara, Palestina, Israel, Jordan, Syria, og ørkenane på Den arabiske halvøya.
Alternative stavingar er simoom, samiel, sameyel, samoon, simoun og simoon. Temperaturen kan kome over 54 °C og fukta kan falle til under 10%.
Uvêret flyttar seg i ein syklonsk (sirkulær) form, og fører skyer av støv og sand, og gjev ein kvelande kjensle for menneske og dyr. Namnet tyder «giftvind» og vart slik fordi den brå starten kan føre til heiteslag. Dette kjem av at den varme vinden fører meir varme til kroppen enn han klarer å fordampe ved sveitte.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Samum, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.