Saint-Lô er ein by og kommune nordvest i Frankrike.
Han er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Manche i regionen Normandie og har om lag 20 000 innbyggjarar.
Saint-Lô | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Departement | Frankrike Normandie Manche | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 23,19 km² | ||
Flatevidd - By | 23,19 km² | ||
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik | 20 090 866/km² | ||
Koordinatar | 49°07′N 01°05′W / 49.117°N 1.083°W | ||
Høgd over havet | 14 m | ||
Tidssone - Ved sommartid | CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 50000 | ||
Bilnummer | www.saint-lo.fr |
Elva Vire renn gjennom byen. Den gamle byen er bygd på ein knaus på innsida av ein stor sving i elva, der han ein gong kontrollerte trafikken på elva.
Byen var tidlegare kalla Briovère (som tyder «bru over Vire» på gallisk) og byen er bygd på og rundt gamle festningsvollar. Namnet Saint-Lô kjem frå St. Laud, biskop av Coutances på 500-talet.
Byen ligg ved eit strategisk vegkryss, og vart nesten heilt øydelagd (estimert til 95 %) under Operasjon Overlord i den andre verdskrigen. Samuel Beckett kalla derfor byen Hovudstaden av ruinane. Det vart til og med diskutert om ein i det heile tatt skulle byggje byen opp att, eller om ein skulle la ruinane ligge der som eit minnesmerke over bombinga. Byen vart uansett gjennoppbygd og er i dag eit senter for fransk matlaging med produksjon av prisvinnande oppkutta lever.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Saint-Lô, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.