Sagatun Folkehøyskole på Hamar var Noregs første folkehøgskule.
Skulen vart grunnlagt av Herman Anker og Olaus Arvesen. Folkehøgskulen opna verksemda 1. november 1864, grunnsteinen til skulebygningane vart lagt i 1865. Skulebygningane vart bygt på eigedomen «Hamarslyst» og kalla «Sagatun», kosta av Anker. Skulen hadde si beste tid i dei ti fyrste åra. I 1873 overtok Arvesen skulen åleine og flytta han til naboeigedommen, kalla «Nysagatun». Skulen vart nedlagd i 1891.
Til saman fire bygningar vart bygt etter arkitekt Emil Victor Langlet sine teikningar frå 1864. Av desse framstår styrarvillaen som hovudbygning, medan utforminga av skulebygninga, gymnastikkbygninga og lærar Olaus Arvesen sitt bustadhus var enkle i si utforming.
Hovudbygninga har sveitserstil med gavlforma vindauge med nygotisk preg. Den dominarende fløya i to og ein halv etasje har eit fleirkanta karnapp. Anker sin villa kan ha vore bygd noko seinare enn dei hine husa, då han enno ikkje hadde flytta inn i 1865.
På eigedommen Sagatun finst i alt seks objekt; fire bygningar, ein bauta og ein allé. Alléen vart freda i 1984.
Herman Anker, Olaus Arvesen og Frits Hansen var lærarar ved skulen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sagatun Folkehøyskole, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.