SNs høgkommissær for flyktningar (engelsk United Nations High Commissioner for Refugees, forkorta UNHCR) er ein SN-organisasjon skipa 14.
desember">14. desember 1950 for å verna og hjelpa flyktningar. Han har hovudkvarteret sitt i Genève i Sveits. Organisasjonen gjev stønad til flyktningar etter oppfordring frå ei regjering eller SN, og hjelper flyktningar med å reisa tilbake eller finna eit nytt stad å bu. UNHCR fekk Nobels fredspris i 1954 og 1981.
SN sin høgkommissær for flyktningar | |||
| |||
Skipa | 14. desember 1950 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Genève | ||
Leiar | Filippo Grandi | ||
Nettstad | http://www.unhcr.org/ |
Organisasjonen har mandat til å leia og koordinera internasjonale aksjonar for å verna flyktningar og løysa flyktningproblem på verdsbasis. Hovedføremålet hans er å sikra rettane og velvera til flyktningar. UNHCR freistar å sikra at alle kan utøva retten sin til å søkja politisk asyl og finne sikker tilflukt i eit anna land, med eit frivillig høve til å reisa heim, integrerast lokalt eller å busetja seg i eit tredje land.
I 2013 hadde organisasjonen ifølgje seg sjølv hjelpt rundt 50 millionar menneske å starta eit nytt liv. Ein stab på rundt 7685 menneske i 126 land held fram å hjelpa rundt 34 millionar menneske. I 2012 hadde UNHCR eit budsjett på 3,59 milliardar amerikanske dollar.
Posten som høgkommissær er blitt halden av:
Fridtjof Nansen (Noreg) var høgkommissær for flyktningar for Folkeforbundet (forgjengaren til SN) frå 1922.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article SN sin høgkommissær for flyktningar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.