Sør-Varanger er ein kommune som ligg nordaust i Finnmark fylke.
Han grensar til Nesseby kommune i vest, til Petsjenga i Russland i aust og til Enare i Finland i sør.
Sør-Varanger kommune | |||
kommune | |||
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Adm.senter | Kirkenes | ||
Areal | 3 971,42 km² | ||
- land | 3 480,41 km² | ||
- vatn | 491,01 km² | ||
Folketal | 10 063 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Magnus Mæland (H) | ||
Kommunenr. | 5605 | ||
Sør-Varanger kommune 69°43′43″N 30°02′31″E / 69.72861°N 30.04196°E | |||
| |||
Wiki Commons: Sør-Varanger | |||
Nettstad: www.sor-varanger.kommune.no | |||
Kommunesenteret ligg på Kirkenes, der det bur om lag 3 500 ibuarar. Kirkenes er ein av dei største byane i Finnmark, og er vendepunkt for Hurtigruta og E6. I kommunen er det òg mellomriksveg til Russland og Finland, med tollstader på Storskog (Russland) og Neiden (Finland). Kommunen har eigen flyplass med direkteflygingar til Oslo (Gardermoen), og elles til flyplassar i Finnmark og Troms.
Klimaet i Sør-Varanger er subarktisk, eit tørt innlandsklima prega av kalde vintrar og relativt varme somrar.
Andre stader i Sør-Varanger er Bugøyfjord, Bugøynes, Hesseng, Jarfjord, Neiden, Sandnes, Skogfoss og Svanvik.
Sør-Varanger var den største kommunen i Finnmark i folketal fram til 1967, då Alta kommune vart større.
Folketalsutvikling for Sør-Varanger kommune frå 1920:
1.12.1920 | 1.12.1930 | 3.12.1946 | 1.1.1951 | 1.1.1961 | 1.1.1971 | 1.1.1981 | 1.1.1991 | 1.1.2001 | 1.1.2010 |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
4876 | 7590 | 7993 | 8921 | 10186 | 10482 | 10447 | 9693 | 9498 | 9738 |
Kommunen vart bygd opp kring gruveselskapet Sydvaranger AS, som dreiv jernmalmgruvene i Bjørnevatn i perioden 1906-1996.
Kirkenes ligg strategisk plassert sentralt i Barentsregionen, og er i dag eit viktig knutepunkt i utviklinga av næringssamarbeid med Nordvest-Russland. Dei viktigaste næringane på Kirkenes er hamnerelaterte verksemder (skipsreparasjon, service) og ulike verksemder retta mot Nordvest-Russland. Andre viktige næringar i Sør-Varanger er handel, reiseliv, sjukehusdrift, jordbruk, reindrift og kommunal verksemd.
Før gruvene i Bjørnevatn vart starta, var Sør-Varanger fyrst og fremst eit samfunn basert på reindrift og fiske, med i hovudsak aust- og nordsamisk og finsk folkesetnad. Etter at gruvene vart opna vart det auka norsk busetnad, og som ei fylgje av den norske bureisingspolitikken vart Pasvikdalen forvandla frå eit område dominert av tradisjonell samisk og finsk næringsverksemd til eit jordbruksområde der norske bønder vart prioriterte av det statlege jordsalsstyret.
Russland har eit generalkonsulat på Kirkenes, og fleire land har honorære konsular i byen.
Ordføraren i 2018 er Rune Rafaelsen.
Sør-Varanger har tre venskapskommunar: Enare (Finland), Petsjenga (Russland) og Severomorsk (Russland). Samarbeidet med Petsjenga har vart i over 20 år, og er særleg utvikla på kultursektoren.[treng kjelde]
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sør-Varanger kommune, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.