Rullebane

Rullebane er eit område som luftfartøy kan nytta til å ta av og landa på ved ein flyplass.

Ein rullebane kan ha fast dekke (betong, asfalt) eller laust (grus, gras).

Rullebane
Ein rullebane med terskel og rullebanenummer 24

Lengda på rullebanar blir som regel oppgitt i meter etter oppmoding frå den internasjonale organisasjonen for sivil luftfart (ICAO), men eininga fot blir framleis brukt for mange rullebanar i Nord-Amerika.

Nummerering

Rullebane 
Nummeret viser at retninga til rullebanen er ca. 90 grader mot aust, R-en viser at det er den rullebanen som ligg til høgre av dei rullebanene som er parallelle.

På dei fleste rullebanar kan ein utføra avgang og landing i to retningar, og i luftfarten blir dette vist til med eit tosifra tal som gjev den magnetiske retninga til banen på eit 360-graders kompass avrunda til næraste 10 heile grader og deretter dividert med 10 (viss 0 så bruker ein 36). Til dømes vil ei baneretning på 268 grader bli avrunda til 270 og angitt som 27. Nokon rullebaner kan ha restriksjonar på avgang og/eller landing i visse retningar.

Ved bruk av bane 18, blir det landa frå nord mot sør (sør er 180 grader). Den motsette baneretninga er 36 (landing mot nord, 360 grader). Vidare blir dette følgd for ein bane som ligg aust-vest – bane 09 ved avgang og landing mot aust og bane 27 ved avgang og landing mot vest. Dersom det er to parallelle rullebanar, skil ein dei frå kvarandre ved at det blir det lagt til ein «L» (for «left») på banen til venstre, og «R» (for «right») på banen til høgre. Til dømes har dei to parallelle rullebanane på Oslo lufthamn, Gardermoen nummera 01L/19R og 01R/19L. Der det er tre parallelle banar blir det lagt til ein «C» (for «centre») på banen i midten, dette ser ein til dømes ved Schiphol lufthamn i Amsterdam. Er det fire eller fleire rullebanar er det vanleg å forskyva talet eit hakk på nokre av banane, til dømes er det fire parallelle nord-sør rullebanar i Denver, og dei er nummererte 16R/34L, 16L/34R, 17L/35R og 17R/35L.

Kjelder

Tags:

AsfaltBetongGrasGrusLuftfartøyLufthamn

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SøppelGeometriLastebilArgentinaAdolf HitlerAfrikaProsaSamisk musikkHøgaste fjella i RanaAvtaleFranklin D. RooseveltMorsdagPink FloydRadioaktiv strålingO helga nattAlbert ÅbergBalkanOblatMorfologi i biologiTiulenijNorsk folkedansLongyearbyenAmerikakoffertFlaggdagarReese WitherspoonErik AndersenVictoria av SverigeAngolaCornelis VreeswijkVoilà av Barbara PraviSilkeormDen norske språkstridenMagnus CarlsenAtle HansenKvadratmeterFagorganisasjonVassendgutaneVelosipedCullinan-diamantenÅFlammepunktTveitaMartha SkrettebergISBNHarr1955Henrik IbsenPeriferien Sentral-HellasBjørnstjerne BjørnsonPer HenriksenIdas sommarvisaKattAlderspensjonSteingardar i NoregHektarTverBenito MussoliniSterke substantivGlukoseKnut T. StorbukåsThaiKommunismeHøgaste fjell i Noreg etter primærfaktorAfroamerikansk litteraturSkulemål i Nord-NoregChancyJakob II av EnglandFolkestyreHandball-EM 2002 for mennC++Nautisk milJomfruSpaniaSjakkPlaneten MarsJenny KlingeDei sameinte arabiske emirataRegnskog🡆 More