Rosyth Castle er ruinane av ei borg frå 1400-talet ved Rosyth Naval Dockyard i Fife i Skottland.
Rosyth Castle | |||
| |||
Rosyth Castle 56°01′25″N 3°25′54″W / 56.0235°N 3.43156°W |
---|
Borga stod opphavleg på ei lita øy i Firth of Forth, som berre var tilgjengeleg ved lågvatn. Ho vart bygd som bustad for sir David Stewart, som hadde fått baroniet Rosyth i 1428. Det opphavlege tårnhuset vart utvida på 1500-talet og tidleg på 1600-talet.
I 1572 vart borga angripen frå Blackness Castle på sørsida av Firth of Forth og vart så okkupert i 1651 av Oliver Cromwell etter slaget ved Inverkeithing.
Borga vart verande busetnad for Stewart fram til ho vart seld seint på 1600-talet til David Drummond frå Invermay. Ho kom til slutt til jarlen av Hopetoun og frå 1700-talet kom h ut av bruk. Frå den tida vart store delar av murverket nytta andre stader og dei fleste bygningane vart øydelagde. Berre tårnet og den nordlege muren står i dag att.
Marinen tok over eigedomen i 1903, og øya vart ein del av skipsverftet like ved.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Rosyth Castle, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.