Rondo for piano og orkester i D-dur, K.
Han var meint av Mozart som ein ny finale for hans Pianokonsert nr. 5 i D-dur.
K. 382 Rondo av Wolfgang Amadeus Mozart Rondo Piankonsert nr. 5 | |||
Periode | Wienerklassisismen | ||
---|---|---|---|
Komponert | 1782 | ||
Urframføring | 1782 | ||
Typisk lengd | 9:32 | ||
Toneart | D-dur |
Stykket vart komponert tidleg i 1782 av Mozart som ein alternativ sistesats til hans Pianokonsert nr. 5, eit stykke han komponerte i desember 1773, då han var 18 år. Han komponerte rondoen på grunn av fleire høve. Han rekna bruken av sonate-form-satsen for komplisert for samanhengen satsen var skriven i, og skreiv derfor denne alternative endinga som ein variasjon. Mozart hadde akkurat flytta frå heimbyen Salzburg til Wien i 1781, der han måtte byggje seg opp eit godt rykte for å sikre seg inntekter. Han gjorde dette gjennom komponeringa, læring og pianokonsertar. Sidan han ikkje hadde så mange originale pianokonsertar i sitt eige namn, var det her Mozart la ned ein del arbeid. Den 5. pianokonserten hans hadde vore ein stor suksess i Mannheim, som han vitja i 1777 på ei reise til Paris. Han skreiv derfor om dette verket for å tilpasse det publikumet i Wien føre den viktige pinsekonserten den 3. mars 1782. Rondoen var meir melodirik enn føregjengaren og var særs populær hos publikum, og han måtte derfor spele han to gonger.
Sidan han erstatta finalen i Pianokonsert nr. 5, er instrumenteringa for rondoen om lag den same. Utanom pianoet, finn ein to oboar, to trompetar, to horn, pauke og strykarar.. Rondo nyttar den same instrumenteringa i tillegg til ei fløyte.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Rondo for piano og orkester i D-dur av Mozart, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.