1984 (originaltittel: Nineteen Eighty-Four) er ein dystopisk framtidsroman av George Orwell som kom ut i 1949.
Boka skildrar eit statisk, klassedelt samfunn som er prega av tankestyring og overvaking. Boka var eit gjennombrot for Orwell. Ho er blitt kjend over heile verda, og stadig brukt som varsel for ei trugande samfunnsform.
Romanen blei skriven i skuggen av andre verdskrigen med inspirasjon frå mellom anna Nazityskland og Sovjetunionen. Det er lett å kjenna igjen indoktrinering, krigshissing, tortur, styrt språkendring, historieomskriving, Stalin sine deportasjonar og Hitlerjugend frå den verkelege historia.
Hovudpersonen i boka er Winston Smith, som ikkje klarer underordna seg den strenge tankestyringa. Ein annan viktig person er Store Bror, Big Brother på engelsk, som har gått inn i språket som eit omgrep for samfunnsovervaking.
I boka pågår det ein konstant krig mellom landa Oceania, Eurasia og Austasia, der skiftesvis to av landa er allierte.
Like viktig var omgrepet nyspråk eller nytale, eit språk som skulle avgrensa tankane til innbyggjarane ved å forenkla og fjerna alle ord som skildra noka form for fridom, og gjerne gje orda motsett innhald av det dei hadde før.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Romanen 1984, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.