Tortur

Tortur er ei handling som med vilje påfører eit menneske smerte eller liding, anten psykisk eller fysisk.

Årsaka til at tortur blir brukt kan vere som straff eller hemn, for å skremme andre eller for å tvinge fram informasjon eller ei tilståing.

Tortur
Ulike instrument nytta til tortur.

Bruksområde

Tortur har mange bruksområde. Det kan brukast for å tvinge fram informasjon som ein person kan ha. Han kan òg brukast for å skremme andre personar til å røpe eventuell informasjon i frykt for at dei òg skal bli utsette for tortur. Eit problem ved å bruke tortur på denne måten er at tilståingar eller annan informasjon ikkje alltid er korrekte. Personar som blir utsette for tortur, men ikkje sit på vesentleg informasjon, kan lyge eller tilstå hendingar som ikkje har funne stad for å sleppe unna torturen.

Ettersom tortur har potensial til å skade ein person, kan det bli bruka som hemnmetode.

Tortur kan òg brukast som straff. Dersom tortur blir bruka som straff etter rettergang, er det ikkje uvanleg at torturen er tilrettelagt slik at tilskodarar kan sjå på.

Historie

Tortur har vorte brukt av dei fleste land i tidlegare tider. I Romarriket kunne ein slave sitt vitnemål berre brukast i retten dersom det hadde vorte gjeve under tortur, da dei gjekk ut frå at slavar ikkje ville fortelje sanninga frivillig. Både i antikken og i mellomalderen var framståande filosofar, som Aristoteles og Francis Bacon, tilhengarar av bruken av tortur i rettsvesenet.

I Europa vart tortur regelmessig brukt i mellomalderen og tidleg moderne tid, når brotsverket og statusen til den tiltalte tilsagde det. Tortur vart sedd som ein legitim metode for å tvinge fram tilstångar eller for å få fram namna til medskuldige. Ved avrettingar vart òg sjølve avlivinga av den dømde ofte kombinert med tortur, dels for å få fram fleire opplysningar, men mest for å straffe og for å åtvare andre mot å gjere lovbrot. Inkvisisjonen, spesielt den spanske var illgjeten for bruk av tortur, som vart brukt for å tvinge fram tilståingar og for å finne medskuldige. Protokollar skal likevel tyde på at tortur var mindre brukta der enn i verdslege domstoler, noko som skal skuldast ein paveleg bulle frå 1216 som la strenge avgrensingar på bruken av tortur.

I Noreg var tortur i bruk i rettsvesenet frå mellomalderen av, da gjerne kalla «pinleg forhøyr». Tortur vart òg ofte brukta i såkalla «kvalifiserte dødsdommar», der sjølve avrettinga kom etter ulike former for tortur. Slike dødsdommar vart avskaffa i Noreg i 1815, medan tortur elles i rettsvesenet vart avskaffa gjennom Grunnloven av 1814. Denne bygde på dei franske grunnlovene frå revolusjonstida 1789-1799, og det er grunn til å merke seg at sjølv i den perioden da giljotinen vart mest bruka under revolusjonstida, vart det ikkje brukt tortur.

I dei fleste vestlege land begynte dei i løpet av 1700- og 1800-talet gradvis å gå bort frå bruk av tortur.

I nyare tid

I nyare tid blir tortur først og fremst bruka av diktaturregime, terroristorganisasjonar og organiserte kriminelle. Det er kjend at russiske hærmenn nyttar tortur i Ukraina, men tortur er og vanleg i russiske fengsel. Men statar som kallar seg demokratiske, som USA og Israel, nyttar òg turtur.

«Mildare fysisk press»

«Mildare fysisk press», «moderat fysisk press» eller liknande formuleringar har vorte ei vanleg nemning på «moderat og kontrollert påføring av smerte» for å tvinge fram informasjon. Mange land aksepterer dette som eit nødvendig vonde i visse situasjonar, særleg under krigstilstand. Dette blir sterkt kritisert av menneskerettsgrupper, som reknar omgrepet som ein eufemisme for tortur, og åtvarar mot at grensene for kva som er tillate for lett blir tøygde slik at faren for alvorlege overgrep blir større. Tilhengarar av bruk av mildare fysisk press meiner det er eit spørsmål om å vege vonde opp mot kvarandre, det vil seie det å påføre ein person kortvarig og moderat smerte i forhold til det å kunne redde menneskeliv gjennom informasjonen som blir tvinga fram.

Reglane for landkrigføring skal visstnok kunne tolkast som å tillate ein viss bruk av fysisk press, som for eksempel å tvinge ein person til å stå i ei ubehageleg stilling over lengre tid.

Slikt fysisk press blir ofte kombinert ofte med psykisk press, og denne kombinasjonen vil av den som blir avhøyrt ofte oppfattast som tortur og kan få store etterverknader i form av angst og andre psykiske problem.

Tortur i internasjonale avtalar

Tortur er fordømt som ei ekstrem krenking av menneskerettane i dei aller fleste land, og er eksplisitt nemnt i FN si menneskerettsfråsegn. Dei statane som har signert Den tredje Genévekonvensjonen og Den fjerde Genévekonvensjonen, pluss dei som har signert FN sin konvensjon mot tortur, har forplikta seg til ikkje å bruke sterk smerte eller liding mot nokon for å få fram informasjon eller tilståing i krigstid, eller for å presse ein tredje person. Dei fleste land si lovgiving har forbod mot tortur i fredstid. Amnesty International reknar trass i dette med at omkring 2/3 av statane i verda ikkje held desse traktatane, enten ved konkrete brot eller ved tøying av grenser for kva som er akseptabelt fysisk eller psykisk press.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tortur  Commons har multimedium som gjeld: Tortur

Tags:

Tortur BruksområdeTortur HistorieTortur i internasjonale avtalarTortur KjelderTortur BakgrunnsstoffTorturHemnInformasjonLidingSmerteStraff

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

GudbrandsdalenFjodor DostojevskijPippi LangstrømpeStilarkTysklandÅrdal kommuneAlaskaElvdalskNordkappbankenAad GjelleDanica PatrickUtviklinga av lastebilenSteve StevensMottoDanderydThe Star-Spangled BannerOrSkottlandJacob ObrechtKolbeinKusymreSauGjær2015WalesVerdscupen i skiskyting 2024Arnold SchwarzeneggerTjeldSomaliaRayleeTeknologiBroen over KwaiFarmor25. marsLibanonGulsvikIsbreInternasjonal telefonkodeViking FotballklubbEli Kari GjengedalSkandinaviaSåpeUSACarl XVI Gustaf av SverigeDen sahrawiske arabiske demokratiske republikkenDen kalde krigenUllevaal StadionKåre Magnus BerghEselNike, Inc.DonauTolvfingertarmLondon Borough of HillingdonNedbørOrganisasjonen av oljeeksporterande landBergenHotel CaliforniaNorske bistands- og utviklingsministrarAureThornton WilderKunstig intelligensTrikktrakkRodney CrowellIslandStillitsShagnasty IslandO helga nattWikiMaputoQueenDanmarkTidlegare kommunevåpen i NoregSiamRonja Røverdatter🡆 More