Riitta-Liisa Roponen, til 2006 Riitta-Liisa Lassila, (fødd 6.
mai">6. mai 1978) er ein finsk langrennar frå Haukipudas i Norra Österbotten, som i tida 2005-15 vann tre gull-, ein sølv- og to bronsemedaljar i ulike verdsmeisterskap på ski, samt ein OL-bronse. Alle sju medaljane kom i anten stafettevlingar eller lagsprintar.
Riitta-Liisa Roponen | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 6. mai 1978 (45 år) Haukipudas |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2014, Vinter-OL 2002, Langrenn under Vinter-OL 2010 – 4 x 5 kilometer stafett kvinner, Ski-VM 2003, Ski-VM 2005, Ski-VM 2007, Ski-VM 2009, Ski-VM 2011, Ski-VM 2013, Ski-VM 2015, Ski-VM 2021 |
Lassila tok sølv i lagsprinten saman med Pirjo Manninen under Ski-VM 2005 i Oberstdorf, knappe tre sekundar bak den norske duoen Hilde Gjermundshaug Pedersen og Marit Bjørgen. Vinteren 2007 vann ho sin einaste siger i eit individuelt verdscuprenn då ho i Rybinsk gjekk til topps i 15 km fellesstart. Ved verdsmeisterskapen 2007 i Sapporo vart ho verdsmeister på lagsprinten i par med Virpi Kuitunen, dei same to og Aino-Kaisa Saarinen og Pirjo Manninen vann også 4 x 5 km stafett. To år seinare forsvarte dei fire kvinnene VM-tittelen i stafett då verdsmeisterskapen på ski fann stad i Liberec. Sidan vann Roponen bronsemedaljar i 4 x 5 km stafett både i Vinter-OL 2010, VM 2011 og VM 2015, alltid med Roponen på tredje etappe. Femteplassen på 15 km i Sapporo-VM er hennar beste individuelle plassering ein internasjonal meisterskap.
Per 31. desember 2017 hadde Roponen sju (1-2-3) pallplasseringar i individuelle tevlingar i verdscupen i langrenn. Ho vart nummer seks i verdscupen 2007, hennar beste sesong.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Riitta-Liisa Roponen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.