Ranavik-Skjersholmane er eit ferjesamband på riksveg 544 mellom Kvinnherad kommune og Stord.
Strekninga er betjent av Norled med opp til 22 daglege avgangar i kvar retning. Overfarten frå Ranavik til Skjersholmane tar om lag 40 minuttar. Ein tur i døgeret går til Jektevik på Stord og Hodnanes på Tysnes istaden for til Skjærsholmane.
Sambandet starta i 2003 og tok over for det tidlegare sambandet Leirvik-Ranavik-Sunde, då ferjekaien på Leirvik vart nedlagt.
Fram til opninga av Halsnøytunnelen i mai 2008 var også Sunde ein del av strekninga. Overfarten mellom Sunde og Ranavik tok 15 minuttar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ranavik-Skjersholmane, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.