35°12′S 56°35′W / 35.200°S 56.583°W / -35.200; -56.583
Río de la Plata (spansk uttale [ˈri.o ðe la ˈplata], tyder 'sølvelva') er ei havbukt eller eit estuar danna av elvene Uruguay og Paraná. Ho ligg mellom Uruguay og Argentina. Ho renn ut i Atlanterhavet, der ho danna eit traktforma innskjering i den søraustlege kystlinja til Sør-Amerika]].
Ulike geografar kan rekna Río de la Plata som ei elv, eit estuar, ei bukt eller eit randhav. Om ho er rekna som ei elv er ho den vidast i verda, med ei maksimumsbreidd på rundt 220 km.
Río de la Plata blei oppdaga for europearane av sjømannen Juan Díaz de Solís i 1516. Ho blei kalla Río de la Plata (Sølvelva) på grunn av dei rike sølvførekomstane oppover langs elva.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Río de la Plata, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.