Koranen identifiserer 25 profetar (nabi) for islam med namn, men ei vanleg oppfatting i islam er at det har vore 124.000 profetar opp gjennom historia og Koranen seier at Gud har sendt ein profet til kvart folk.
Berre ein liten minoritet av profetane vert rekna å ha vorte send heilage bøker, som Toraen og Koranen og desse profetane vert rekna å vera bodbringarar eller rasul. I islamsk tru vert Muhammed rekna å ha kome med ein profetisk bodskap til heile menneskeætta heller enn eit avgrensa folk, og han vert rekna for å vera den siste profeten.
Tradisjonelt vert fem profetar rekna som særleg viktige i islam, Nuh (Noah), Ibrahim (Abraham), Musa (Moses), Isa (Jesus) og Muhammed.
Koranen nemner også Adam, Idris (Enok), Hud, Saleh (Shelah), Lut (Lot), Ismail (Isjmael), Ishaq (Isak), Yaqub (Jakob), Yusuf (Josef), Ayub (Job), Shoaib (Jetro), Zulkifl (moglegvis Esekiel), Daud (David), Sulayman (Salomo), Ilyas (Elias), Al-Yasa (Elisja), Yunus (Jonah), Zakariah (Zakarja) og Yahya (Johannes døyparen).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Profetar i islam, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.