«Prinsessa som ingen kunne målbinda» er eit norsk folkeeventyr som først vart gjeve ut med tittelen «Spurninge» i Asbjørnsen og Moe si første utgåve av Norske Folkeeventyr frå 1843.
Asbjørnsen">Asbjørnsen og Moe si første utgåve av Norske Folkeeventyr frå 1843. Seinare vart det òg teke med i andre utgåver.
Eventyret fortel om ei prinsesse som er «så vrien og vrang i ord», og kongen lovar ho bort til den som kan målbinda ho. Etter kvart vert konggarden så nedrent av folk som vil prøva seg at dei får melding om at viss dei mislukkast, så skal dei få svidd øyro av med eit svijern han har liggjande i ein glohaug. Oskeladden og dei to storebrørne hans dreg avstad for å prøva lukka. Undervegs samlar Oskeladden med seg to bukkehorn, ein gamal skosåle og anna skrot, i det minste i følgje dei eldre brørne.
Vel framme mister dei eldre brørne munn og mæle straks prinsessa viser til glohaugen. Lillebroren derimot klarer prøven ved hjelp av evnne sine som ordsmed og med samlinga av gjenstandar han skaffa undervegs. Han klarer å målbinda prinsessa, og dermed vinn Oskeladden både kongdottera og halve kongeriket.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Prinsessa som ingen kunne målbinda, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.