Montagne Pelée eller berre Pelée er ein 1394 meter høg aktiv stratovulkan på nordsida av øya Martinique i Karibia.
Han hadde eit kraftig utbrot i 1902 og eit mindre i 1929. Namnet «Pelée» tyder 'skalla'.
Pelée | |||
vulkan | |||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Region | Martinique | ||
Pelée 14°48′47″N 61°09′56″W / 14.813055555556°N 61.165555555556°W | |||
Wiki Commons: Mount Pelée | |||
8. mai 1902 eksploderte vulkanen. I løpet av eit par minutt ramma pyroklastiske straumar byen Saint-Pierre. Byen blei heilt øydelagd. Nær 30 000 menneske omkom. I Saint-Pierre overlevde berre to personar. Dette er den verste katastrofen i samband med vulkanutbrot i historia til Karibia.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Pelée, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.