Passaren

Passaren (frå latin Circinus) er eit lyssvakt stjernebilete på den sørlege himmelhalvkula, først definert i 1756 av den franske astronomen Nicolas Louis de Lacaille.

Den mest lyssterke stjerna er Alfa Circini, med ein tilsynelatande storleik på 3,19. Ho er noko variabel, og den raskaste oscillerande Ap-stjerna på nattehimmelen. AX Circini er ein kefeide som er synleg for det nakne auga, og BX Circini er ei lyssvak stjerne ein trur har blitt danna av at to kvite dvergar har slått seg saman. To sol-liknande stjerner har planetsystem: HD 134060 har to små planetar, og HD 129445 har ein Jupiter-liknande planet. Supernova SN 185 oppstod i Passaren i 185 evt og vart observert og registrert av kinesiske observatørar. To novaer er blitt oppdaga i nyare tid, på 1900-talet.

Passaren
Passaren
Passaren
Latinsk namn Circinus
Forkorting Cir
Genitivsform Circini
Symbologi Namngitt av la Caille
Rektasensjon 15 h
Deklinasjon −60°
Areal 93 kvadratgrader
nr. 85 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
0
Sterkaste stjerne α Cir (3,2. mag.)
Meteorsvermar

Ingen

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +10° og −90°

Mjølkevegen går gjennom stjernebiletet, og det har objekt som den opne hopen NGC 5823 og den planetariske tåka NGC 5315. Passaren har ein kjend spiralgalakse, Passargalaksen, som vart oppdaga i 1977 og er den nærmaste Seyfertgalaksen til Mjølkevegen. Alfa Circinidane (ACI) er ein meteorsverm som òg vart oppdaga i 1977, som stråler ut frå dette stjernebilete.

Karakteristikk

Passaren 
Stjernebiletet Passaren slik det er for det nakne auga

Passaren grensar til Kentauren, Fluga, Paradisfuglen, Det sørlege triangelet, Vinkelhaken og Ulven og ligg like ved Alfa og Beta Centauri. Dei offisielle grensene til stjernebiletet vart teikna av Eugène Delporte i 1930, og er definert av ein polygon med 14 segment.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Passaren  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Passaren

Mal:Stjerner i Passaren

Tags:

HimmelkvelvingaKefeideKvit dvergLatinNicolas Louis de LacailleNovaPlaneten JupiterStjernebileteSupernovaTilsynelatande storleikVariabel stjerne

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

TsjekkiaHaakon Magnus av NoregJohn IllsleyHistoria AugustaBrossviksåtaReinfjordLiv Grete SkjelbreidRomeo and Juliet av Dire StraitsDorsetGoogle ChromeLuminansRódos byLímnosAlzheimers sjukdomØystein SundeStillitsMonogamiThe GuardianSan Marino i San MarinoRundeKari SvendsenJohn KasichSerra da EstrelaAlbert EinsteinNr.91 StomperudBorgarkrigen i USAKleopatraLa RochelleSpesifikk gravitetTriduumDan Børge AkerøSamara oblastBritiske monarkarOh, Boy! av Buddy HollyGentooDraco MalfangIndiaSindikíLitauenMaskorama (sesong 4)Mads HansenVålerenga IshockeyChileGrunnstoffliste etter atomnummerPelle og Pysa PiratFilmen Harry Potter og ildbegeretKurveDire StraitsOrientråkePåskekyllingInstagramPeoníaGiant's CausewayBurusjøenSverre WilbergOle PausIdar LindPetter NorthugNorrøntBjørn EidsvågCHOBA B CCCPBeltegrader i judoDire Straits av Dire StraitsMørk materieSamvirkelagSein juraThe Hunchback of Notre DameOn Every StreetMosesHuset BourbonLydia Torsvik GieselmannQuestions 67 and 68Jakob SandeDag HammarskjöldKvigeFylkesveg 363Nato-alfabetet🡆 More