Pansra Personellkøyretøy

Eit pansra personellkøyretøy (PPK, engelsk Armored Personnel Carrier), òg kalla transportpanservogn, er ein underkategori av pansra kampvogn i den norske omsetjinga av CFE-avtalen.

Det er eit pansra køyretøy som vert brukt for å transportere infanteri i krigssoner. Køyretøytypen finst med både hjul- og beltedrift.

Pansra Personellkøyretøy
Ein fransk Renault VAB

Forsvaret brukar ymse finske Sisu pansra personellkøyretøy som er treaksla og har sekshjulsdrift, nærmare bestemt XA-180, XA-185, XA-186 og XA-203. I tillegg har dei òg amerikanske M113 som har beltedrift. Alle har 12,7 mm maskingevær.

CFE-avtalen definerer PPK som «eit pansra stridskøyretøy som er laga for og utstyrt til å transportere eit infanterilag, og som regel er har eit integrert skytevåpen med eit kaliber på mindre enn 20 millimeter.» I fylgje konvensjonen er dei ikkje rekna for deltaking i strid med direkte eldgjeving, men er væpna for sjølvforsvar og pansra for å gi vern mot granatsplintar og kuler frå mindre skytevåpen. Døme på slike inkluderer den amerikanske M113, den franske VAB, den tyske GTK Boxer og den sovjetiske BTR.

Ein PPK blir som regel brukt til å frakte infanteriet fram til ei linje like før dei venter kontakt med fienden. Infanteristane sit då av (går av) kjøretøyet og rykker vidare fram til fots. Ein PPK er lett pansra, og er sårbar for alle panservernvåpen, inkludert tunge maskingevær og splintar frå nære artillerinedslag.

Sjå òg

Kjelder

    Referansar

Bakgrunnsstoff

Tags:

BeltedriftCFE-avtalenHjulInfanteriPansra kampvogn

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Vår StaudeHandball-EM 2002 for mennFreddie MercuryVassendgutaneEirik BrandsdalVengGry HammerLofotenKazanSvalSatBengaltigerFærøyaneE85Venke KnutsonBeltaneHaillHøgnorskErik AndersenJonsokKyprosKlima i Nord-AmerikaMoskva oblastMarkusmesseOslo kommuneClaus JervellLinn UllmannKristoffer ColumbusBitcoinMjøsaJessica DigginsAGro DahleURLEnzymOlivia RodrigoMaiFolkestyreSirkelKolonialhandelBrasilKristopher SchauRosenborg slottBjørnTanzaniaKjærleikDet nederlandske koloniriketJohn IllsleyAnne RimmenMarihøneStøvsugarVerktøyet filVefsnmålReggaeHollandRafaelFirenzeVietnamHøgaste fjella i RanaOddaBolsjevismeStylídaKleopatraSymbol i hinduismenSvartedauenJohnny DeppSatyajit RayVoilà av Barbara PraviSøppelSveitsNorsk folkedansDet norske alfabetetAnette HoffElg i solnedgangKrøllparentesTommy Robinson🡆 More