Maskingevær er eit heilautomatisk skytevåpen som kan fyre av skot i rask rekkjefølgje utan at skyttaren treng å ta ladegrep eller trykke inn avtrekkaren på nytt for kvart skot.
Maskingevær kan vere montert på køyretøy og operatøren kan skyte derifrå, eller fotsoldaten kan bere geværet under flytting og setje det på ein to-fot i stillinga. Eit fastmontert eller mykje tungt maskingevær vert kalla mitraljøse.
Har maskingeværet kaliber 20 mm eller større, er det ein maskinkanon. Det vil seie at det er umogeleg eller upraktisk å bruke geværet i handa.
Maskingevær kan ha eitt eller fleire løp. Har maskingeværet fleire løp som roterer kallar ein maskingeværet for ein «gatling». Ein føremon med denne konstruksjonen er at det er fleire røyr som skiftar på å fyre av skot og kvart løp kan dermed verte kjølt ned mellom kvart skot. Alternativt kan skyttaren auka skottakten.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Maskingevær, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.