Otto von Schrader (18.
mars">18. mars 1888–19. juli 1945) var ein tysk admiral. Han vart fødd i Aust-Preussen i Tyskland, i det som i dag er Polen.
Schrader hadde frå april 1940 til 31. januar 1943 tittelen Admiral der Norwegische Westküste. Frå februar 1943 til mai 1945 hadde Schrader tittelen Kommandierender Admiral der Norwegische Westküste, eller kommanderande admiral for den norske vestkysten. Schrader var såleis øvste sjef for den tyske marinen «Kriegsmarine» på vestkysten av Noreg under den andre verdskrigen. Schrader hadde hovudkvarteret sitt i Bergen.
I 1943 godkjende han ved tre høve avrettinger av kommandosoldatar (som kravd i den berykta «Kommando-ordren» frå 18. oktober 1942).
Han tok sitt eige liv den 19. juli 1945 i Bergen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Otto von Schrader, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.