Olimpiada Vladimirovna Ivanova (fødd 26.
august">26. august 1970) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Munjaty i Tsjuvasjia som både i 2001 og 2005 vart verdsmeister i 20 km kappgang og i 2002 europameister på same distansen.
Olimpiada Ivanova | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Russland |
Fødd | 26. august 1970 (53 år) Munsiut |
Idrett | friidrett |
Tok del i | |
Utmerkingar | Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse, æra meister av idrett i Russland, orden «Za zaslugi pered Tsjuvasjskoj Respublikoj» |
Ivanova gjekk inn til sølvmedalje under verdsmeisterskapen 1997, før ein positiv dopingtest førte til at ho måtte levere tilbake medaljen. Ho vart der etter stengd ute i to år.
Både under VM i friidrett 2001 i Edmonton og EM i friidrett 2002 i München vann Ivanova kappgang-øvinga på suverent vis. Under sommarleikane 2004 i Aten tok ho sølvmedaljen, fire sekundar bakom greske Athanasia Tsoumeleka og ni sekundar framom Jane Saville frå Australia. Året etter gjekk Ivanova i mål til verdsbestetida 1.25.41 i verdsmeisterskapen 2005 i Helsinki, attåt gullmedaljen fekk ho 100 000 [[US-dollar]9 i premiepengar.
Ivanova var utestengd frå friidretten i to år frå august 1997 etter å ha testa positivt under verdsmeisterskapen i Aten.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Olimpiada Ivanova, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.