Ole Christophersen Blom (21.
juni">21. juni 1784–25. mai 1845) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Kviteseid i Telemark. Christopher Olsen Blom var sonen hans.
Ole Christophersen Blom | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. juni 1784 Kviteseid |
Død | |
Yrke | politikar, bonde |
Språk | norsk |
Han var son til ein gardbrukar. Etter han hadde fått privatundervisning heime, gjekk han ei tid navigasjonsskule i Skien. I 1802 var han understyrmann, sidan var han forvaltar av Vråliosen sagbruk til 1817. Han tok i 1817 over farsgarden Nese i Kviteseid.
Blom var medlem av forlikskommisjonen frå 1817. Alleireie året etter vart han avsett av amtmannen, innattsett etter høgsterettsdom i 1820. Også medhjelpar åt presten i Kviteseid.
Blom representerte Bratsbergs amt på Stortinget 1821, 1822 og 1824. I 1821 var han medlem av tolv komitear, mellom dei valkomiteen, komiteen om bank- og pengestellet, om utskiftingslova og om korntoll. År 1824 var han medlem av komiteen om berg- og skogvesenet. Både i 1830 og 1839 var han 1. varamann til Stortinget. Blom var den første ordføraren i Kviteseid frå 1837 til 1841.
Han døydde på garden sin i Kviteseid i 1845.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ole Christophersen Blom, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.