Bertrand-Jean Redon (20.
april">20. april 1840–6. juli 1916), betre kjend som Odilon Redon, var ein fransk målar, grafikar, teiknar og pastellist. Verka hans vert rekna til symbolismen.
Odilon Redon | |
Sjølvportrett, 1880 | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 20. april 1840 Bordeaux |
Død | |
Yrke | kunstmålar, illustratør, grafikar, bilethoggar, litograf, grafikar, teiknar, bygningstegner |
Språk | fransk |
Ektefelle | Camille Redon |
Odilon Redon på Commons |
Redon vart fødd inn i ein rik familie i Bordeaux i Aquitaine. Han starta å teikne som barn. Femten år gammal begynte han på formelle studiar i teikning. Faren insisterte på at han måtte studere arkitektur, men han klarte ikkje opptaksprøvene til arkitektstudiet. Dermed fekk han i 1864 høve til å gå i lære hos kunstmålaren Jean-Léon Gérôme. Vel heimkomen til Bordeaux byrja han å arbeide med skulptur, og med silketrykk og litografi.
I 1870 slutta Redon seg til hæren for å delta i den fransk-prøyssiske krigen. Mot slutten av krigen flytta han til Paris, der han nesten utelukkande arbeidde med kolteikning og litografi. Først i 1878 fekk arbeida hans noko større vellæte. Året etter publiserte han sitt første album med litografi, med tittelen Dans le Rêve.
Redon var ganske ukjend inntil 1884, då kultromanen tittelen À rebours (=Mot naturen) av Joris-Karl Huysmans kom ut. Historia handla om ein dekadent aristokrat som samla på teikningar laga av Redon.
I 1890-åra føretrekte Redon pastell- og oljemåleri som medium. Han stilte ut i lag med Nabisgruppa i 1899. I 1903 vart han tildelt Æreslegionen. Populariteten steig då ein katalog over etsingar og litografi kom ut i 1913.
Redon døydde i Paris den 6. juli 1916.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Odilon Redon, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.