Nukleinsyrer er ein type polymerar som er biomolekyl, det vil seia at dei finst i organismar.
Dei er makromolekyl som er spesialiserte til å lagra, overføra og bruke genetisk informasjon, og omfattar deoksyribonukleinsyre - DNA - og ribonukleinsyre - RNA.
Ei nukleinsyre er bygd opp av nukleotidar som består av ein pentose, ein organisk base og ei fosfatgruppe. Ryggen på ei nukleinsyre består av ei binding mellom ei fosfatgruppe og neste pentose. Denne bindinga er ei fosfodiesterbinding, og denne skjer mellom det 5. karbonatomet i ein pentose og det 3. karbonatomet i neste pentose.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Nukleinsyre, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.