Neufchâteau er ein by og kommune nordaust i Frankrike.
Neufchâteau | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Departement | Frankrike Lorraine Vosges | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 23,81 km² | ||
Flatevidd - By | 23,81 km² | ||
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik | 7 533 316/km² | ||
Koordinatar | 48°21′N 05°42′E / 48.350°N 5.700°E | ||
Høgd over havet | 289 m | ||
Tidssone - Ved sommartid | CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 88300 | ||
Heimeside: www.ville-epinal.fr |
Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Vosges i regionen Lorraine, og har om lag 7 500 innbyggjarar.
Neufchâteau ligg der elvane Maas og Mouzon renn i hop.
Neufchâteau er ein av dei eldste byane Lorraine. I romartida låg kjøpstaden Noviomagus her langs vegen mellom Lyon og Trier. Dietrich II, hertug av Lorraine bygde eit slott her på 1000-talet. I 1094 var byen kalla Novum Castrum.
Neufchâteau vart ofte vald som møtestad når ein skulle løyse konfliktar mellom Frankrike og Lorraine. Det var her hertuginne Christine samla États généraux i 1546. I 1436 vart byen gjeve bort til Burgund i byte mot at hertug René I av Anjou skulle sleppast fri. Kardinal Richelieu reiv ned bymurane på 1600-talet.
Med den franske revolusjonen vart Neufchâteau (under namnet Mouzon-Meuse) underprefektur i Vosges.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Neufchâteau, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.