Nadzeja Ostaptsjuk (fødd 12.
oktober">12. oktober 1980) er ein kviterussisk tidlegare friidrettsutøvar frå Stolin-distriktet i det sørvestlege Kviterussland. Ho tok gullmedaljen i kuletevlinga ved friidretts-VM 2005 og vart europameister i kulestøyt i 2010. I 2014 vart ho frådømd VM-gullet 2005.
Nadzeja Ostaptsjuk | |
Statsborgarskap | Belarus |
Fødd | 28. oktober 1980 (43 år) Vialikija Arly |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Ostaptsjuk tok steget opp i verdseliten i kulestøyt allereie då ho var 20 år gammal. Ho tok si fyrste internasjonale medalje under VM 2003, ein sølvmedalje. Året etter vart ho nummer fire i kule då tevlinga fann stad på historisk grunn i Hellas.
Med eit bestestøyt på 20,51 m vann Ostapsjuk kuletevlinga i verdsmeisterskapen i Helsinki i 2005, heile 87 m framom Olga Rjabinkina frå Russland, men resultatet altså annullert i 2014. Også ein sølvmedalje frå EM 2006, der ho hamna centimeteren bak vinnaren, vart annullert i 2014, basert på at ho skulle ha vore utestengd frå 2005.
Under VM 2007 i Osaka landa kula til Ostapsjuk på 20,48 m, seks små cm bak gullstøytet til Valerie Vili frå New Zealand. Etter å ha teke bronse i OL 2008 (annullert i 2017) deltok Ostaptsjuk lite i store internasjonale stemne i 2009. I 2010-sesongen støytte ho 21,70 m innandørs i Mahiljow og ho vann også innnandørs-VM. Utover i sesongen vann ho alle seks kuletevlingane i Diamond League-stemna og var heilt suveren i europameisterskapen i Barcelona. Året etter kom ho på sølvplassen under VM 2011, men var over meteren bak Valerie Vili.
Ostapsjuk sette personleg rekord med 21,58 meter i eit stemne i Minsk i juli 2012. Nokre veker seinare kleiv ho til topps på sigerspallen under Sommar-OL i London, men der viste det seg straks at ho var dopa.
Urinprøva til Ostapsjuk under London-OL 2012 viste spor etter dopingmiddel, og ho vart fråteken gullmedaljen. I 2014 vart hennar medaljeprestasjonar frå 2005 og 2006 annullerte og 2017 annullerte den internasjonale olympiske komite OL-medaljen frå 2008.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Nadzeja Ostaptsjuk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.