Nuts

NUTS (engelsk Nomenclature of Territorial Units for Statistics, opphavleg frå fransk nomenclature des unités territoriales statistiques) er ein standardkode for administrative understatlege einingar til bruk i Eurostat-statistikk.

Standarden blei utvikla av EU, og dekkjer derfor berre medlemslanda i detalj. Eurostat har òg utvikla eit hierarki for alle søkjarland etter 1980, men denne delen av standarden er ikkje endeleg fastlagd. Kodane treng ikkje å samsvare med dei reelle administrative einingane i landa. Dette kjem mellom anna av at ein ved grenseendringer ofte held fast ved dei gamle einingane i statistisk samanheng, for å kunne samanlikne målingar over tid.

Oppbygnad

  • NUTS 0: To bokstavar som identifiserer landet. Denne delen av koden svarer til ISO 3166-1, bortsett frå at Storbritannia bruker UK i staden for GB.
  • NUTS 1: Eitt siffer eller éin bokstav som identifiserer ei understatleg eining. Nummereringa startar med 1, og etter 9 held ein fram med bokstavar. Nivået dekkjer dei same einingane som ISO 3166-2, men med andre kodar.
  • NUTS 2 / NUTS 3: Nivå under dette blir gitt med siffer. Der det er for mange einingar til å bruke eitt siffer, lagar ein kunstige samanslutningar av einingar. NUTS 2 vil derfor ofte ikkje referere til eksisterande administrative einingar.

Døme

Til dømes er koden for Portsmouth i England bygd opp slik:

Utanfor EU

Den tilsvarande standarden i Sambandsstatane heiter FIPS.

Avvik

Det er nokre avvik i koden:

Norsk bruk

I norsk statistikk svarer fylka til NUTS 3-nivået. Statistisk sentralbyrå har òg produsert statistikk på NUTS 2-nivå, med ei inndeling av Noreg i sju regionar. SSB har òg gjort framlegg om ei inndeling på NUTS 4-nivå, med Noreg delt inn i 90 økonomiske regionar. Eurostat opererer ikkje med NUTS 4, men har i staden to lokale inndelingar, LAU1 og LAU2 (frå engelsk Local Administrative Unit). Norske kommunar ville tilsvare NUTS 5-nivå, eller LAU2.

Kjelder

Tags:

Nuts OppbygnadNuts Utanfor EUNuts AvvikNuts Norsk brukNuts KjelderNutsEUEngelskFransk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

FacebookSikhismenHenning SolbergTuvinskOrbitalCanon EOS 250DEdvard GriegEl NiñoOrtodoks kristendomAsíniUkrainsk matOSI-modellenBlekinge länJerpeΑlfa1-antitrypsinmangelLinda EideGaltvortTroms fylkeUkrainaDet danske flaggetNye SverigeNautisk milIndonesiaQawahJordaFascismeBon Iver, Bon IverNorrøn tidBerlinblokadenAmerikakoffertCerebellar arterieParlamentarismeBobby BareA Collection of Great Dance SongsTeltDeterminativErterIngvild KjerkolStudentH.C. AndersenDet første krosstogetVårsandbieMarlene StavrumInkarikets fallNynorskAmasoneListe over primtalOle Einar BjørndalenRusslandKyprosSiderIsbjørnCreative CommonsBergen kommuneEritreaSkottlandAutoritærGange-RolvTrønderskAlderspensjonViktoriansk litteraturHappy HumanDeauvilleUrfolkRomanen AndvakeKvitveisJamstellingsvedtaketSør-KynouríaØresundbruaHurtigrutaGrodagenBritt Karin LarsenClaudio MonteverdiSamuel MassieKlima i CanadaListe over norske nyord🡆 More