Mount Tyree (4852 moh) er det nest høgaste fjellet i Antarktis og ligg 13 km nordvest for Vinson Massif (4892 moh), det høgaste fjellet på kontinentet.
Mount Tyree | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Del av | Seven Second Summits | ||
Fjellkjede | Sentinel Range | ||
Topp | Ellsworth Land | ||
- høgd | 4 852 moh. | ||
- koordinatar | 78°24′S 85°55′W / 78.400°S 85.917°W | ||
Lettast tilkomst | austveggen via store ishellingar | ||
Oppdaga av | United States Navy | ||
- dato | januar 1958 | ||
Førstestiging | Barry Corbet | ||
- dato | januar 1967 | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Liste | Seven Second Summits | ||
Mount Tyree 78°24′42″S 85°51′43″W / 78.411666666667°S 85.861944444444°W | |||
Mount Tyree vart oppdaga i januar 1958 under flyturen til United States Navy skvadron VX-6, og sidan kartlagd same månad av Marie Byrd Land Traverse Party. Fjellet vart kalla opp etter kontreadmiral David M. Tyree, som kommanderte U.S. Naval Support Force i Antarktis frå 14. april 1959 til 26. november 1962.
Hittil (2012) er toppen av fjellet berre blitt vitja ved fem høve, av totalt ti personar, via tre forskjellige ruter. I januar 1967 vart John Evans og Barry Corbet (frå Corbet's Couloir) dei første til å nå toppen. I januar 1989 vart toppen vitja av Terry ‘Mugs’ Stump, i 1997 av franskmennene Antoine de Choudens og Antoine Cayrol og seinare i 1997 av Conrad Anker og Alex Lowe. Den 3. januar 2012 gjekk Hans Kammerlander, Robert Miller og Christian Stangl den same ruta som franskmennene og vart den femte gruppa til å nå toppen. Av dei ti fjellklatrarane som har vore på toppen av Mount Tyree, har tre sidan døydd i andre fjellklatringsulukker innan fire år etter dei vitja fjellet. Sørveggen av fjellet er framleis uklatra. Denne veggen er 2000 meter høg og ein av dei største fjellveggane i Antarktis.
Klatresesongen er frå november til januar då det er midnattssol og lufttemperaturen er høgast, opp mot -30 °C nær toppen. Som med Mount Vinson i nærleiken kan ein nå fjellet etter ein seks timar lang flytur frå Punta Arenas i Chile til Union Glacier Camp etterfølgd av ein 200 km lang flytur til foten av fjellet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Mount Tyree, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.