Mjøs, uttala , er ei grend på Radøy.
Den opphavlege matrikkelgarden er delt i mange bruk.
Mjøs | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Alver | ||
Postnummer | 5936 MANGER | ||
Gardnummer | 16 | ||
Mjøs 60°42′40″N 4°58′39″E / 60.7112°N 4.9776°E |
Namnet Mjøs er ei samantrekning av Midhus som tyder den midtre garden. Då garden vart teken opp i mellomalderen, låg han mellom to andre gardar, Nordanger og ein gard som vart lagt aude under Svartedauden . Denne Øyjorda vart sidan ein del av landet til matrikkelgarden Mjøs. Før reformasjonen kom garden under biskopen i Bergen, etter reformasjonen vart alt krongods. På 1600-talet var garden delt i seks bruk, på 1900-talet var talet på bruk oppe i meir enn tjue. Sidan er gardar slegne saman att, så talet på gardsbruk er redusert.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Mjøs, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.