Oluf Rygh (5.
september">5. september 1833–19. august 1899) var ein norsk arkeolog og historikar. Han var professor i historie ved Universitetet i Oslo mellom 1866 og 1875, styrar av Oldsaksamlinga frå 1862 og professor i nordisk arkeologi frå 1875. Han var den første professor i arkeologi ved eit skandinavisk universitet. Han er kjend for utgravinga av Tuneskipet i 1867 og publikasjonane Norske Oldsager frå 1885.
Oluf Rygh | |||
| |||
Fødd | 5. september 1833 Verdal kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 19. august 1899 Nome kommune | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | antropolog, arkeolog, forhistoriker, filolog, historikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Alma mater | Trondheim katedralskole | ||
Medlem | Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien |
I 1878 vart professorane Sophus Bugge, Oluf Rygh og prost Johan Fritzner oppnemnde som medlemmer i ein kommisjon for revisjon av namna i matrikkelen. På bakkgrunn av det innsamla materialet starta Oluf Rygh utgjevinga av storverket Norske Gaardnavne som kom ut med 18 band frå 1897 til 1919. Eit tilleggsband kom ut i 1924. I dette verket vert det gjeve historiske opplysningar om namna til alle matrikkelgardane i Noreg, og det er opplyst korleis namnet vart uttalt i folkeleg uttale.
Andre etterlatne arbeid etter Oluf Rygh var
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Oluf Rygh, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.