Massimo D’Alema (fødd 20.
april">20. april 1949 i Roma) er ein italiensk journalist og politikar. Han var statsminister i Italia frå 1998 til 2000. Han er medlem i det italienske venstrepartiet Democratici di Sinistra.
Massimo D’Alema | |||
| |||
Fødd | 20. april 1949 (75 år) Roma | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Italia | ||
Parti | Det italienske kommunistpartiet, Partito Democratico | ||
Yrke | politikar, diplomat, journalist | ||
Utdanna ved | Universitetet i Pisa | ||
Far | Giuseppe D'Alema | ||
Verv | Statsminister i Italia 1998-2000 | ||
Føregangar | Romano Prodi | ||
Etterfylgjar | Giuliano Amato | ||
Alle verv |
|
D’Alema er no medlem i Europaparlamentet, der han er med i den sosialistiske fraksjonen. D’Alema var tidlegare marxist og med i det italienske kommunistpartiet, men etter at dette vart slege saman med meir moderate parti har han gått noko vekk frå dette.
Han er tidlegare representant i det italienske underhuset. D’Alema har òg hatt regionale politiske verv i Pisa og Puglia.
D’Alema var tidlegare redaktør i den venstreorienterte avisa L'Unità. Han har gjeve ut åtte bøker, der fire er på forlaget Mondadori, som Silvio Berlusconi eig. Dette har ført til at delar av venstresida har kritisert D’Alema for å ha band til Berlusconi.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Massimo D’Alema, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.