Kristofer Marius Hægstad (15.
juli">15. juli 1850–21. november 1927) var ein norsk språkmann. Han var professor i norsk språk, med vekt på landsmål. Hægstad var fødd i Ålesund, men voks opp i Davik og i Bergen.
Marius Hægstad | |||
| |||
Fødd | 15. juli 1850 Ålesund | ||
---|---|---|---|
Død | 21. november 1927 (77 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, lingvist, filolog | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Barn | Leiv Heggstad, Olav Heggstad, Sigvat Heggstad | ||
Alle verv |
|
I 1898 vart Hægstad formann for ei nemnd som skulle finna fram til ei offisiell rettskriving for landsmål (nynorsk). Fleirtalet i nemnda ville gjennomføra ei radikal nyskaping, men Hægstad gjekk inn for små endringer av Ivar Aasen si skriftnorm. Departementet delte Hægstad sitt syn, og Hægstad-normalen vart med dette den fyrste offisielle rettskrivinga for landsmål.
Hægstad sat òg i fleire periodar på Stortinget for Venstre. Han vart òg den fyrste leiaren for Noregs Mållag, frå 1906 til 1909.
Hægstad var far til målmannen og skulemannen Leiv Heggstad, og farfar til språkforskaren Kolbjørn Heggstad.
Hægstad døydde i Oslo.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Marius Hægstad, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.