Eit magnetometer er eit vitskapleg måleinstrument som vert nytta for å måle styrken og/eller retninga til eit magnetfelt.
Magnetometer vert nytta i geologien for å måle magnetfeltet til jorda (magnetosfæren). Framfor alt gjev jernhaldige mineral utslag i magnetometer og kan derfor hjelpe i jakta etter malmfunn. Dei vert òg nytta for å finne arkeologiske funnstader, skipsvrak og andre gravlagde lekamar. Magnetometer kan gjerast særs kjenslevare, og kan gje teikn på polarlysaktivitet før sjølve polarlyset vert synleg. Det finst eit nettverk av magnetometer rundt jorda som konstant målar effekten solvinden har på magnetfeltet til jorda.
Magnetometer finst òg innebygde i ulike mobiltelefonar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Magnetometer, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.