Lyskamm eller Liskamm er eit fjell i Wallis-Alpane på grensa mellom Italia og Sveits med ei høgd på 4 527 meter over havet.
Fjellet består av ein fem kilometer lang rygg med to toppar. Den sørlege sida i Italia er ru og reiser seg nokre hundre meter over isbreen nedanfor (Ghiacciaio del Lis), medan nordsida i Sveits er ein imponerande 1100 meter høg isvegg som stig opp frå Gornergletscher.
Lyskamm | |||
Liskamm | |||
fjell | |||
Nordvestsida | |||
Land | Italia, Sveits | ||
---|---|---|---|
Del av | grensa mellom Italia og Sveits | ||
Fjellkjede | Wallis-Alpane | ||
Høgd | 4 527 moh. | ||
Primærfaktor | 376 m ↓ mot Monte Rosa | ||
Koordinatar | 45°55′21″N 7°50′08″E / 45.92250°N 7.83556°E | ||
Førstestiging | J. F. Hardy | ||
- dato | 1861 | ||
Lyskamm 45°55′21″N 7°50′08″E / 45.9225°N 7.8355555555556°E | |||
Plasseringa i Sveits | |||
Wiki Commons: Lyskamm | |||
Den vanlegaste ruta til toppen er frå Felikjoch i vest til Listjoch i aust, eller omvendt. Den austlegaste og høgaste toppen vart først klatra i 1861 av eit lag på 14 mann (åtte engelsmenn og seks sveitsarar) leia av J. F. Hardy opp austryggen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Lyskamm, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.