Loveleen Rihel Brenna (fødd 6.
oktober">6. oktober 1967 i India) er ein norsk forfattar. Ho vart fødd i India i 1967 og kom til Kristiansand i 1972 saman med foreldra sine.
Loveleen Rihel Brenna | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 6. oktober 1967 (56 år) |
Yrke | forfattar, administrerande direktør |
Ho er utdanna i pedagogikk, psykologi, sosialpedagogikk med vidareutdanning i migrasjon og fleirkulturell forståing, og driv eit eige konsulentfirma for fleirkulturelle spørsmål. Ho driv også føredrags- og kursverksemd kring dette. tidlegare har ho mellom anna arbeidt ved innvandrarkontoret og barnevernstenesta i Kristiansand kommune og vore prosjektleiar for frukostseminar i samband med Groruddalssatsinga til Husbanken.
Loveleen Rihel Brenna har vore rådsmedlem i Verdikommisjonen, ho har fått Ole Vig-prisen for brubyggjarinnsats (1997) og i 2000 fekk ho Integreringsprisen for innsatsen sin for å skape betre føresetnader for integrering.
Frå januar 2004 har Loveleen Rihel Brenna vore leiar for Foreldreutvalet for grunnskulen, først for perioden til 2007, og deretter utnemnd på nytt for fire nye år. Ho sit også i styret for Universitetet i Agder og Raudekrossen i Noreg. Tidlegare har ho vore fagrådsmedlem i Norsk Filminstitutt og sete i styret for VOX-instituttet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Loveleen Rihel Brenna, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.