Limband, teip eller tape er band av tekstil, cellofan eller plast med lim på eine eller begge sider.
Limband vert brukt til å binda saman eller festa noko, anten mellombels eller permanent. Enkeltsidig limband kan brukast til å binda saman to overlappande eller tilliggjande materialar, medan dobbeltsidig limband (med lim på begge sider) kan brukast til å binda saman to gjenstandar rygg mot rygg.
Limbandet vart funne opp i 1925 av Richard Drew i det amerikanske selskapet 3M.
Skrivemåten «tæip» har vore vurdert som alternativ skrivemåte på norsk av Norsk språkråd.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Limband, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.