Ledd

Eit ledd eller ein artikulasjon (av lat.

Dei er bygd for å støtte rørsle (med unntak av ledda i skallen, korsbeinet, brystbeinet og bekkenbeinet) og for å gje mekanisk støtte. Dei vert klassifiserte som strukturelle (faste) og funksjonelle (rørlege eller «frie»).

Ledd
Diagram av eit typisk synovialledd (diartrose eller «ekte ledd»). Frå øvre venstre mot klokka: muskel; leddhole; bursa (slimpose); leddkapsel og synovialhinne; sene; senefeste (entese); senefeste; leddband; leddbrusk; epifyse; senefeste.

Klassifisering

Ledd har i hovudsak ei strukturell og funksjonell klassifisering. Strukturell klassifisering er bestemd av korleis knoklane festar seg til kvarandre, faste ledd, medan funksjonell klassifisering er bestemd av graden av rørsle mellom dei artikulerande knoklane, rørlege ledd. I praksis så er det ei monaleg overlapping mellom dei to klassifiseringsformene.

Ein leddfasett vert i hovudsak rekna som eit lite ledd, særleg når ein snakkar om ledda i ribbeina.

Faste ledd (bindevev)

Strukturell klassifisering namngjev og delar ledd i høve til bindevevstypen som festar knoklane til einannan. Det finst tre strukturelle klassifiseringar av ledd:

  • fibrøse ledd — festa med kompakt, regelmessig bindevev som er rikt i kollagenfiber
  • bruskledd — festa med brusk
  • synovialledd — ikkje direkte festa — knoklane har ei leddhòle og er sameina av kompakt, uregelmessig bindevev som dannar leddkapselen som vanlegvis har tilknyting til aksessoriske ligament

Rørlege ledd

Ledd kan òg klassifisast funksjonelt i høve til typen og graden av rørsle:

  • synartrose — liten eller ingen mobilitet. Dei fleste synartrosar er fibrøse ledd (t.d. skallesaumar).
  • amfiartrose — svak mobilitet. Dei fleste amfiartrosar er bruskledd (t.d. mellomvirvelskiver).
  • diartrose — fri rørsle. Alle diartrosar er synovialledd (t.d. skulder, hofte, olboge, kne, osb.), og omgrepa «diartrose» og «synovialledd» er rekna for å vere ekvivalente av Terminologia Anatomica. Diartrosar kan igjen klassifiserast i seks grupper, avhengig av rørsletypen: flate ledd, enartrosar, hengselledd, dreieledd, kondylar og sadelledd.

Ledd kan òg klassifiserast i høve til kor mange aksar dei rører seg i: einaksa ledd (monoaksiale eller uniaksiale), toaksa ledd (biaksiale) og fleiraksa ledd (multiaksiale). Ein annan klassifisering baserar seg på fridomsgraden til leddet, og vert delt mellom éin, to eller tre fridomsgrader. Ein annan klassifisering er i høve til talet på leddflater, og formene på desse: flate, konkave og konvekse overflater.

Biomekanisk klassifisering

Ledd kan òg klassifiserast i høve til dei anatomiske eller biomekaniske eigenskapane til ledda. Dei kan delast inn anatomisk i enkle, samansatte og komplekse, avhengig av kor mange knoklar som er involvert:

  1. Enkle ledd: to leddflater (t.d. skulderleddet eller hofteleddet)
  2. Samansatte ledd: tre eller fleire leddflater (t.d. handleddet)
  3. Komplekse ledd: to eller fleire leddflater med ei leddskive eller ein menisk (t.d. kneleddet)

Anatomisk

Ledd kan òg klassifiserast anatomisk i dei følgjande gruppene:

  1. handledda
  2. olbogeledda
  3. skulderledda
  4. sternoklavikularledda
  5. vertebralledda
  6. kjeveledda
  7. sakroiliakaledda
  8. hofteledda
  9. kneledda
  10. fotledda

Sjå òg

  • artrologi — læra om ledd
  • rørslelære — læra om rørsle (må ikkje forvekslast med den alternative behandlingsforma kinesiologi)
  • leddband
  • leddprotesekirurgi

Kjelder

Tags:

Ledd KlassifiseringLedd Sjå ògLedd KjelderLeddKnokkelLatin

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

InformasjonskapselZaniar MatapourTelekommunikasjonIngvild KjerkolBoge i arkitekturenEukaryotarHurtigrutaCarl XVI Gustaf av SverigeLand i Eurovision Song ContestMeter per sekundPlaneten NeptunBiologisk familieKristian IV av Danmark-NoregHarald V av NoregMont Saint-MichelMediaWikiISO 8601DamplokomotivItaliaZinédine ZidaneRagnar LodbrokRasofiel RiseNasjonaldrikkEmma WatsonHuaoraniarVenke KnutsonOmanSveitsInternasjonalen2016OrrfuglSør-Trøndelag fylkeNorsk folkedansLondonPikoPannemerke i hinduismenEmma Tallulah BehnEtterretningsbataljonenSamisk musikkHenrik IbsenGediminas KirkilasPer HenriksenDet australske flaggetFriksjonMultiplikasjonNazismeZevsBergenTrettiårskrigenAusterrikeBlack SabbathJaran Dammann45 av KinoChristianiaNazistNorsk ytre språkhistorieKriminalitetSør-AfrikaHenrik II av EnglandChristmasøyaPN-overgangQurayyat i OmanJesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars HeilageCharlottenbergTsjetsjeniaTyrkiaAndre verdskrigenAdministrativ inndeling i HellasStore norske leksikonEspen Barth EideIngrid Alexandra av NoregEuropaKjærleikSekulærCarles PuigdemontKommunismeProgrammeringsspråket JavaUtviklinga av traktorenWales🡆 More