Kåre Willy Armand Martinsen (18.
mars">18. mars 1912–1. april 1986) var ein norsk målar frå Oslo.
Kåre Martinsen | |
Fødd | 18. mars 1912 |
Død | 1. april 1986 (74 år) |
Yrke | kunstmålar |
Martinsen utdanna seg 1928-30 til reklamemålar ved Statens handverks- og kunstindustriskule i Oslo. Tida 1935-39 studerte han ved Statens kunstakademi i Oslo, der han vart mykje påverka av den danske målaren Georg Jacobsen og hans krav om strikte, formelle komposisjonar. Etter studieturar i Frankrike og Italia let Martinsen seg inspirere av den impresjonistiske målarstilen, særleg arbeid av Pierre Bonnard. Måleria til Martinsen utmerker seg ved «ein djup og glødande koloritt». Hans «tidligste arbeider har en noe tung koloritt, men han arbeidet seg etter hvert fram til en lysere, kontrastrik fargeskala». Martinsen måla både figur- og landskapsbilete. Måleriet «Landskap» frå 1949 finst i Nasjonalgalleriet i Oslo.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kåre Martinsen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.