Kvitøya er ei øy som utgjer ein del av Svalbard.
Øya ligg i Nordishavet aust for Nordaustlandet, og utgjer den austlegaste delen av Kongeriket Noreg. Arealet er er 682 km². Den næraste russiske øya i området er Victoriaøya 62 km lenger aust.
Kvitøya | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Nordishavet |
Koordinatar | 80°09′05″N 32°35′37″E / 80.15139°N 32.59361°E |
Øygruppe | Svalbard
|
Areal | 682 km²
|
Høgaste punkt | Kvitøyjøkulen (410 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Demografi | |
Folketal | 0
|
Øya er nesten heilt dekt av is (Kvitøyjøkulen), derav namnet. Dei få isfrie landområda på øya utgjer berre eit par kvadratkilometer og er særs berre og steinete. Det største er Andréeneset i det sørvestlege hjørnet på øya. Heile øya er ein del av Nordaust-Svalbard naturreservat.
Øya vart truleg oppdaga av nederlendaren Cornelis Giles i 1707 og vart nedteikna som «Giles Land» på fleire kart med forskjellig form, storleik og posisjon opp gjennom åra. Det noverande namnet på øya vart gjeve av kvalfangaren Johan Kjeldsen frå Tromsø i 1876.
Sommaren 1930 kom mannskapet på fangstskuta «Brattvåg» over ein seglduksbåt på Kvitøya. Dette viste seg raskt å vera restane etter ballongekspedisjonen til svensken Salomon August Andrée. I 1897 hadde han som mål å nå Nordpolen med denne ballongen. Leivningane etter ekspedisjonsmedlemmene blei funne på den isfrie vestpynten av øya. Mannskapet hadde ikkje utstyr for å klare seg gjennom vinteren og omkom hausten 1897. Fram til 1930 hadde det vore eit mysterium kva som hadde skjedd med ekspedisjonen. Mannskapet på Brattvåg fann journalar og filmrullar og det viste seg at tre av medlemmene på ekspedisjonen døydde berre få veker etter dei kom til øya. Dei tre døde polarpionerane vart ført tilbake til Sverige i 1930 med store ære. Eit monument over dei døde, S. A. Andrée, N. Strindberg og K. Frænkel er reist på øya. Eit anna monument vart reist der av «Stockholm-ekspedisjonen» i 1997 til minne om 100-årsdagen for den tragiske hendinga. Minnesmerket vart seinare tatt ned att av styresmaktene på Svalbard fordi det var reist ulovleg.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kvitøya, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.