Nordaustlandet er den nest største øya på Svalbard og i Noreg med eit areal på 14 443 km².
Som namnet seier ligg øya nordaust for Spitsbergen.
Nordaustlandet | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Nordishavet |
Koordinatar | 79°48′N 22°24′E / 79.800°N 22.400°E |
Øygruppe | Svalbard
|
Areal | 14 443 km², der isbrear utgjer 11 009 km²
|
Høgaste punkt | Norddomen (783 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Demografi | |
Folketal | 0
|
Mesteparten av Nordaustlandet ligg under dei store isbreane Austfonna, Vestfonna og Sørfonna. Ein utløpar av Vestfonna, Gimlebreen har trukke seg attende og avdekka at Brageneset er blitt til Bragenesøya. Resten av øya er tundra der svalbardrein og kvalross held til. Austfonna er den største isbreen i Europa. Breen er 8200 km² stor, opptil 560 meter tjukk (litt mindre enn 300 i snitt) og har eit tverrmål på 200 km.
Øya er ikkje busett.
Nordaustlandet og øyane omkring er ein del av Nordaust-Svalbard naturreservat.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Nordaustlandet, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.