Kvensk (på kvensk kvääni, tidlegare kainun kieli eller kveenin kieli), tidlegare òg kvænsk, er eit finsk-ugrisk språk som òg kan klassifiserast som ein dialekt av finsk.
Kvensk er språket til kvenene — ei folkegruppe som er etterkommarar av finnar som innvandra til Troms og Finnmark frå 1600-talet av frå grensedalen mellom Sverige og Finland, Tornedalen, og frå Nord-Finland. Kvensk språk har ein viss status som språk i Porsanger kommune.
Kvensk kvääni | ||
Klassifisering | Uralsk austersjøfinske språk | |
Talarar | kvener | |
Bruk | ||
Tala i | Noreg | |
Kvensktalande i alt | 5 000 - 8 000 | |
Rangering | 106 | |
Skriftsystem | Latinsk | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | fkv | |
Glottolog | kven1236 |
I kvenske/finskætta miljø er det mykje diskusjon om ein ynskjer eit eige kvensk skriftspråk eller å halde på det riksfinske som blir lært i skulane i dag.
På eit møte i 2008 vart det vedtatt at skriftspråksnormalen som er under utarbeiding, skal basere seg på eit kompromiss mellom alle dei kvenske dialektane, og samstundes vere ei tilnærming mot meänkieli.
I januar 2006 vart det starta eit studium i kvensk ved universitetet i Tromsø. Studiet går over tre semester, og ein kan studere enkeltemne som kvensk språk og kvensk kultur og litteratur.
På 1800-talet vart kvenene av norske myndigheiter sett på som viktige i arbeidet med å dyrke opp Finnmark. Frå og med starten av 1900-talet slo Noreg over til ein politikk som gjekk ut på å hindre bruken av kvensk og samisk. Jordsalsloven, Lov av 22. mai 1902 om avhendelse av og bortforpaktning av Statens jord i Finnmark, § 1c sa at «Avhendelse må kun skje til norske statsborgere – som kan tale, læse og skrive det norske sprog og benytte dette til daglig bruk». NRK vart oppretta i 1933. Allereie året etter vart den første NRK-bygde radiosendaren utanfor Oslo opna — og det i Vadsø. Etter oppfordring frå Forsvaret delte NRK ut 50 radioapparat gratis til samar og kvenar i grensestroka mot Finland, så det er ikkje tvil om kva motiva bak denne radiosatsinga var.[treng kjelde]
I starten av 1990-åra vart det mogleg å ha finsk/kvensk som andrespråk i skolen i dei tre nordlegaste fylka.
Den norske regjeringa erklærte 26. april 2005 at dei såg på kvensk som eit eige språk.
Wiki Incubator - Wiki på kvensk
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kvensk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.