Ingrisk (òg kalla isjorisk) er eit finsk-ugrisk språk snakka av ingrarane i Ingermanlandsregionen i i St.
Petersburg">St. Petersburg-området i Russland, særleg blant russisk-ortodokse kristne.
Ingrisk karjala | ||
Klassifisering | uralske språk austersjøfinske språk | |
Bruk | ||
Tala i | Russland, Estland | |
Område | Ingermanland | |
Ingrisktalande i alt | ca. 120 (2010) | |
Rangering | ikkje blant dei 100 største | |
Skriftsystem | (Kyrillisk), Latinsk | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | izh | |
Glottolog | ingr1248 |
Ved folketeljinga i Russland i 2010 oppgav 123 personar at dei snakka ingrisk, medan 266 personar oppgav at dei var ingrarar. Ved folketeljinga i Sovjetunionen i 1989 var dei tilsvarande tala 302 ingrisktalande, av 820 ingrarar. Ifølgje Ethnologue var det 360 talarar av ingrisk i Russland i 2002. og ifølgje estisk folketeljing var det 19 talarar av ingrisk i Estland i år 2000.
Ingrisk var berre eit talespråk fram til 1930-talet, då det som andre minoritetsspråk i Sovjetunionen fekk skriftspråk som del av den sovjetiske språkpolitikken. Det vart omsett skjønnlitteratur og lærebøker.
A a | Ä ä | B b | V v | G g | D d | E e | Ƶ ƶ |
Z z | I i | J j | K k | L l | M m | N n | O o |
Ö ö | P p | R r | S s | T t | U u | F f | H h |
C c | Ç ç | Ş ş | Ь ь |
Dei viktigaste trekka ved ingrisk er, sett i lys av finsk:
1. Store delar av konsonantane er forlenga (geminert)
Døme: mattaala, finsk matala "låg"; heppoin, suomeksi hepo/hepo(i)nen, "hest"
2. Kompenserande forlenging av stammevokal foran kasusending på ein konsonant
Døme: Bøying av kylä "landsby": adessiv kylääl (finsk kylällä), ablativ kyläält (finsk kylältä), essiv kylään (finsk kylänä), translativ kylääks (finsk kyläksi)
3. Vokalen i er senka til e framfor r
Døme: pertti, finsk pirtti "stove"; kerves, finsk kirves "kniv"
4. Bortfall av n mellom vokalar
Døme: miä, finsk minä "eg"; paan, finsk panen "eg sett, legg", bøyingsformer av verbet sanoa "å seie", t.d. saoin, finsk sanoin "eg sa"
5. Final -k , som har falle bort i finsk, er bevart i ingrisk
Døme: saeg/saek, finsk sade "regn"; en annag/en annak, finsk en anna "eg gjev ikkje"
6. Verbbøying
Det er ein del systematiske skilnader med finsk, der ingrisk gjerne er meir lik kvensk
Døme:
Indikativ, presens, 1. pl.
-mmA, istumma, finsk istumme, kvensk istuma "vi sit"
Indikativ, presens, 2. pl.
-ttA, istutta, finsk istutte, kvensk istutta "de sit"
Indikativ, presens, 3. pl.
-VVt istuut, finsk istuvat, kvensk istuthaan "dei sit"
Indikativ, preteritum 3. pl.
oltii, finsk olivat, kvensk olthiin "dei var"
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ingrisk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.