Kuleledd (articulatio sphaeroidea) er synovialledd der leddflata på ein rund knokkel fyller søkket i ein annan.
Den fjerne knokkelen kan dreie rundt fleirfaldige aksar frå eit felles midtpunkt, langs fleire plan og i mest alle retningar.
Ein enartrose (articulatio cotylica) er ein type kuleledd der leddpanna dekker meir enn halve leddhovudet. Hofteleddet er ein enartrose.
Døme på kuleledd finn ein i hofta, der lårbeinshovudet kviler i den koppaktige leddpanna til bekkenet, og i skulderleddet i skuldra, der humerushovudet kviler i cavitas glenoidalis på skulderbladet. Det kan nemnast at skuldra også inneheld sternoklavikularleddet, som er eit sadelledd.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kuleledd, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.