Living on My Own Singel av Freddie Mercury frå albumet Mr. Bad Guy | ||
Utgjeve | 2. september 1985 | |
Innspelt | 1984 | |
Sjanger | Pop, disco (original) Eurodance (1993 'No More Brothers' Mix) | |
Lengd | 3:21 | |
Selskap | EMI / Sony Music | |
Tekstforfattar | Freddie Mercury | |
Låtskrivar(ar) | Freddie Mercury | |
---|---|---|
Produsent | Mack og Freddie Mercury | |
Freddie Mercury-kronologi | ||
«Made in Heaven» (1985) | Living on My Own | «Time» (1986) |
«Living on My Own» er ein song av Freddie Mercury, opphavleg gjeven ut på det første soloalbumet hans, Mr. Bad Guy. Han vart gjeven ut som singel (med B-sida «My Love Is Dangerous») i september 1985 i Storbritannia, der han nådde 50. plassen på singellista. I juli 1985 kom singelen ut i USA med B-sida «She Blows Hot & Cold».
I 1993, to år etter Mercury døydde, vart ein No More Brothers Mix av songen gjeven ut og denne nådde toppen av singellista i Storbritannia, Noreg og Frankrike, fleire andre land i Europa, Asia og Latin-Amerika, og vart den einaste solohitten til Mercury som nådde toppen av salslistene. Denne versjonen av singelen vart ikkje gjeven ut i Nord-Amerika. Han låg to veker på toppen av den britiske singellista.
Originalversjonen frå 1985:
Remixen frå 1993 (No More Brothers Mix):
Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Storbritannia (BPI) | Gull | 400 000^ |
^salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Musikkvideoen til både originalen frå 1985 og remixen frå 1993 av «Living on My Own» inneheld bilete av feiringa av 39-årsdagen til Mercury i 1985 i München.
Føregangar «What's Up?» 4 Non Blondes | Toppen av VG-lista Freddie Mercury 2 veker, veke 43–44, 1993 | Etterfylgjar «I'd Do Anything for Love (But I Won't Do That)» Meat Loaf |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Living on My Own, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.