Knut Risan: Norsk skodespelar

Knut Risan (19.

februar">19. februar 19301. februar 2011) var ein norsk skodespelar frå Trondheim.

Knut Risan
Knut Risan: Biografi, Filmografi, Kjelde
Fødd19. februar 1930
FødestadTrondheim
Død1. februar 2011 (80 år)
Verka somskodespelar, stemmeskodespelar, teaterskodespelar
EktefelleAstrid Folstad
PrisarPer Aabels ærespris
Knut Risan: Biografi, Filmografi, Kjelde
Knut Risan og Bente Børsum i Nationaltheatret.

Biografi

Han debuterte på Nationaltheatret i 1956 som «Kasper» i Folk og røvere i Kardemomme by og spelte i 147 ulike roller fram til han pensjonerte seg i 1998. Nokre av dei viktigaste rollene hans var tittelrolla i Tartuffe, «Nils Lykke» i Fru Inger til Østraat, «Rørlund» i Samfundets støtter og «Wangel» i Fruen fra havet. Avskjedsførestillinga hans var Måken av Anton Tsjekhov. Risan hadde også gjesteopptredenar ved Den Norske Opera, Den Nationale Scene og Riksteatret.

Risan hadde fleire roller i Fjernsynsteateret, fyrst og fremst vert han hugsa som «Torvald Helmer» i Et dukkehjem, med Lise Fjeldstad som motspelar i rolla som «Nora». Mange hugsar han også som Edmond Dantes i dramatiseringa av Greven av Monte Cristo tidleg på 1960-talet.

Innanfor musikkteateret spelte han m.a. i Flaggermusen, Den glade enke og Tolvskillingsoperaen. Dessutan hadde han fleire filmroller, t.d. som kongen i Reisen til Julestjernen. Han spelte «Blomsterhandler Rosengren» i barne-TV-serien Jul i Skomakergata frå 1979. Han var også kjent som den norske forteljaren i Tre nøtter til Askepott, der han gav stemme til alle karakterane. Risan jobba i tillegg i fleire år som stemme over programreklamar på TV 2. Med si karakteristiske mørke røyst stod han for den legendariske setninga «-Du tror det ikke før du får se det» i samband med TV-serien X-files.

Risan har også lese inn ei rekke lydbøker. I 1993 mottok han Per Aabels ærespris.

Risan var gift med skodespelarinna Astrid Folstad.

Filmografi

  • 2006 Hotel Cæsar ... Annonsør av neste episode
  • 2003 Nasse Nøff ... Ugle
  • 2001 Forviklinger på gården i to deler ...forteljar
  • 2000 Tigergutt ... Ugle
  • 2000 102 dalmantinere ... Doktor Pavlov
  • 1999 En annerledes jul ...forteljar
  • 1998 Mulan ... General Li
  • 1998 Skraphandlerne kommer tilbake ...forteljar
  • 1997 Den lille traktoren Gråtass ...forteljar
  • 1993 Tommelise
  • 1991 Sirre Strikk og Padde Ball på nye eventyr
  • 1990 Bernard og Bianca i Australia ... Kengeru
  • 1989 Den lille havfruen ... Kong Tritan
  • 1988 Lille søster kanin + Sirre Strikk og Padde Ball
  • 1986 Mesterdetektiven Basil Mus ... Basil Mus
  • 1985 Taran og den sorte gryte ... Dallben
  • 1981 To gode venner - Todd & Copper ... Todd
  • 1979 Jul i Skomakergata ... Blomsterhandler Rosengren
  • 1977 Bernard og Bianca ... Snoops
  • 1976 Reisen til Julestjernen ... Kongen
  • 1973 Tre nøtter til Askepott ...forteljar (voiceover)
  • 1973 Robin Hood
  • 1973 Et dukkehjem (TV) ... Torvald Helmer
  • 1961 Sønner av Norge
  • 1960 Venner ... Journalist i butikken
  • 1937 Snehvit og de syv dvergene (orig. Snow White and the Seven Dwarfs)


Kjelde

  • Artikkelen er omsett frå bokmålswikipedia den 20. februar 2011.

Bakgrunnsstoff

Tags:

Knut Risan BiografiKnut Risan FilmografiKnut Risan KjeldeKnut Risan BakgrunnsstoffKnut Risan1. februar19. februar19302011Trondheim

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

StøvsugarRussisk litteraturEukaryotarFin GnattAnne RimmenSpesifikk varmekapasitetBedehuset Bethel på JudabergValborgsmesseaftanSigmaHaakon Magnus av NoregLibanonMatrjosjkaGro Harlem BrundtlandSandnessjøenGry HammerSylvi ListhaugROBEKElg i solnedgangRabalsmellenMorfologi i biologi24. aprilTidCarl Philip av SverigeGrønlandsleiretDesta Marie BeederRonja RøverdatterFreddie MercuryEnzymGåsGarfieldBetasuppeAustromarriketDet australske flaggetNorsk ytre språkhistoriePink FloydReksteren skuleMarihøneThessaliótidaAlbaniaYafaPeter GabrielVengMólos-Ájos KonstandínosHege TunaalJa, vi elsker dette landetQawahPlaneten MarsJolene av Dolly PartonMånenSunnmøreNazismeSvastikaDie WelleKim HaugenSt. PetersburgKommunismeUrfolkHandball-EM 2002 for mennCelsiusTanjung MorawaBodø kommuneSildekongeGrønlandSøppelSMS-språkJenteRitornellÁjos Konstandínos i FthiótidaKvadratmeterBjørkefinkProfessor emeritusMauser-rifle M98Krøllalfa2020🡆 More