Brit Kirsti Kolle Grøndahl (fødd 1.
september">1. september 1943) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet og den fyrste kvinnelege stortingspresidenten. Ho har vore kommune- og stortingspolitikar, statsråd og fylkesmann i Buskerud fylke.
Kirsti Kolle Grøndahl | |||
Fødd | 1. september 1943 (80 år) Oslo | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Medlem | Europarådets parlamentarikerforsamling | ||
Verv | Stortingets visepresident 1989-1993 | ||
Føregangar | Reiulf Steen | ||
Etterfylgjar | Edvard Grimstad | ||
Verv | Stortingspresident i Noreg 1993-2001 | ||
Føregangar | Jo Benkow | ||
Etterfylgjar | Jørgen Kosmo | ||
Alle verv |
|
Kirsti Kolle Grøndahl vart fødd i Oslo. Ho er utdanna cand. mag. frå 1966. Ho representerte Arbeidarpartiet i kommunestyret og formannskapen i Røyken kommune frå 1972, og vart vald inn på Stortinget i 1977. Grøndahl var statsråd i Kyrkje- og undervisningsdepartementet 1986–1988 og i Departementet for utviklingshjelp 1988–1989. I 1993 vart ho som fyrste kvinne i historia vald til stortingspresident. Ho var 1999–2013 fylkesmann i Buskerud fylke.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kirsti Kolle Grøndahl, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.