Khrysopigi Devetzi

Khrysopigi Devetzi (fødd 2.

januar">2. januar 1976) er ein gresk tidlegare lengde- og tresteghoppar frå Alexandroúpoli. Ho vann sølvmedaljen i tresteghopp i OL 2004 og EM 2006. I 2007 og 2008 tok han bronsen i same øvinga ved høvesvis VM i Osaka og sommarleikane i Beijing, begge desse prestasjonane vart annullerte i 2016.

Khrysopigi Devetzi

Khrysopigi Devetzi

Fødenamn Χρυσοπηγή Δεβετζή
Statsborgarskap Hellas
Fødd 2. januar 1976 (48 år)
Alexandroúpoli
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, EM i friidrett 2002, VM i friidrett 2003, VM i friidrett innendørs 2004, 2004 IAAF World Athletics Final, EM i friidrett innendørs 2005, Middelhavslekene 2005, 2005 IAAF World Athletics Final, EM i friidrett 2006, 2006 IAAF World Athletics Final, 2006 IAAF World Cup, VM i friidrett 2007, 2007 IAAF World Athletics Final, Sommer-Militærlekene 2007, VM i friidrett innendørs 2008

Aktiv

Devetzi gjorde store framsteg i tresteghopp i 2002 og -03-sesongane. Den 4. mars 2003 sette ho gresk rekord i øvinga med eit hopp på 14,84 m i Peanía. Under dei olympiske leikane i Aten i 2004 forbetra ho i kvalifiseringa den greske rekorden til 15,32 meter, einast tre andre kvinnelege tresteghopparar har hoppa lengre i øvinga. I finalen landa ho på 15,25 m i sitt bestehopp, noko som gav henne sølvmedaljen, 5 cm bakom Françoise Mbango Etone frå Kamerun.

I VM 2005 enda Devetzi på femteplass i tresteghopp. Den 10. juni 2006 gjorde ho personbeste i lengdehopp med 6,83 meter ved eit stemne i Tríkala. Seinare i sesongen tok ho leiinga i EM-finalen i tresteg med eit årsbestehopp som målte 15,05 m. Leia gjorde ho til den sjette og siste omgangen. Tatjana Lebedeva frå Russland nådde 15,10 m i sitt siste hopp og snappa gullmedaljen frå Devetzi.

Både i Osaka-VM 2007 og Berlin-OL 2008 vart Devetzi tildelt bronsemedaljen i tresteghopp, to medalje-plasseringar som begge vart underkjende i 2016.

Khrysopigi Devetzi 
Devetzi, til høgre, på sigerspallen under VM 2007, med ein medalje ho vart frådømd i 2016

Doping

I mai 2009 nekta Devetzi å stille til dopingkontroll. Ho vart då utestengd frå friidretten i to år og la opp. År 2016 viste nye testar av Devetzi sine dopingprøver frå august 2007 spor etter stanozolol. Alle hennar prestasjonar frå Friidretts-VM 2007 og til ho la opp vart då annullert. Dermed mista ho bronsemedaljane frå VM 2007 og OL 2008.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Referansar

Kjelder

Tags:

Khrysopigi Devetzi AktivKhrysopigi Devetzi ReferansarKhrysopigi Devetzi KjelderKhrysopigi Devetzi19762. januarAlexandroúpoliBeijingHellasOsaka

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Norske passasjerar ombord på RMS «Titanic»BørselvHarald EiaCate BlanchettElvar i RusslandLondonStord kommuneFlammepunktHovudsideHotel CaliforniaKompasspunktJonas Gahr StøreTelekommunikasjonPintMedinaVoss heradIslandPeter BoszKattHindugudarEiffeltårnetDomokósCarl XVI Gustaf av SverigeVladimir PutinJesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars HeilageBoge i arkitekturenAusterrikeUnicodeMMSupermannGaysirSolgangsbrisRasofiel RiseNanbudoPumaJaktaMagnus HirschfeldBlandingTettstader i RogalandVerktøyet filNederlandHundBloggISBNSvartehavetTorstein BaeKnut T. StorbukåsFagorganisasjonPadleneRundiBadehusJordVietnamMette-Marit av Noreg2020Bjørnstjerne BjørnsonIngrid Alexandra av NoregÅsgardNordfjordeidShogunDet buddhistiske livshjuletRussisk rockTom HagenSpice GirlsMuhammedIrakQurayyat i OmanC++BrusselÅmot i ModumVeneziaKaspihavetOblatPeter GabrielMolde kommuneHestehovJonsereds Fabrikers AB🡆 More