Karlson på taket (svensk Karlsson på taket) «er ein akkurat passeleg tjukk mann i sin beste alder», ein Astrid Lindgren-figur som blei introdusert første gong i 1955.
Tjukke, blide Karlson dukkar opp med jamne mellomrom for å helsa på heime hjå sjuåringen Lillebror i husværet i Stockholm. Karen bur på taket og har ein propell på ryggen! Han lyg, skryt og øydelegg ting, og i byrjinga trur ikkje familien til Lillebror at han finst. Dei trur han berre er noko Lillebror har funne på for å forklare kvifor ting har vorte øydelagde. Sjølv om Karlson kan vera ufordrageleg barnsleg, blir han likevel raskt bestevennen til Lillebror.
Ilon Wikland, som har illustrert mange Lindgren-historier, gav òg form til figurane i ein teiknefilm om Karlsson på taket som kom ut i 2002.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Karlson på taket, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.