Karin Ørnhøj Mortensen (fødd 26.
september">26. september 1977) er ein dansk tidlegare handballspelar frå Horsens. Ho vart olympisk meister med Danmark i 2000 og 2004, samt europameister 2002. I tida 2000-12 var Mortensen målvakt i 233 landskampar, skåra 4 mål.
Karin Mortensen | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 26. september 1977 (46 år) Aarhus |
Idrett | handball |
Tok del i |
Mortensen debuterte for Danmark i 2000 og danna saman med Lene Rantala målvaktparet som ytte sitt til at det danske handballandslaget frå Sommar-OL 2000 reiste heim med olympiske gullmedaljar. To år seinare bidrog Mortensen mykje til at Danmark på heimebane vann EM-finalen med 25-22 over Noreg. Under dei olympiske sommarleikane 2004 i Aten forsvarte Danmark og Mortensen den olympiske meistertittelen etter ekstraomgangar mot Sør-Korea. Fire månader etter spelte Danmark seg fram til EM-finale mot Noreg, ein kamp Mortensen og lagvenninnene tapte 25-27.
Mortensen var aktiv i Vejlby-Risskov Idrætsklub til 1998, sidan gjorde ho teneste 1998-2002 i Horsens HK, 2002-06 i Ikast-Bording, 2006-10 i SK Århus og 2010-13 i FCK Håndbold/Fredriksberg IF.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Karin Mortensen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.