Kaki er eit sterkt, vove bomullsstoff med lys gråbrungul farge.
Stoffet er ofte impregnert, og har vore brukt som militær- og politiuniform i mange land, særleg i varmare strok. Kaki er også knytt til safariutstyr.
Ordet er kome til norsk gjennom engelsk, frå hindi khaki, 'støvfarga', som igjen er avleidde frå persisk khak, 'støv'. På engelsk blir ordet khaki brukt både om bomulsstoffet og om fargar som kan minna om det.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kaki, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.